Kald nyhend

Eg såg på langtidsvarsel for Fjærland og det såg noko kaldt ut. Det var – 20*c i nyttårshelga, men no fredag skal det gå heilt ned mot -26*c.

Nokon som kan hugse at det har vore kaldare enn -26*c her i Fjærland? Kor blir det av den globale oppvarminga når vi treng den?

Kommentarar

ja, kor blir det av den globale oppvarminga!, godt spørsmål Gaute. Global oppvarming, svineinfluensa det er skremselspropaganda over heile fjøla.

Januar 1982 vart det målt -25,6 som kaldaste, på værstasjonen på Skarestad, medan i Desember 1978 vart det målt -22,5 som kaldaste.
Datagrunnlag: Klima/Met.no

Eg meinar eg har høyrt att det har blitt målt endå kaldare enn -25,6 grader i Fjærland, er det nokon som kan bekrefte dette?

Og i 07. Januar 1982 vart det målt -34,8 i Jostedalen ved Myklemyr, dette er det kaldaste det har blitt målt i fylket.
Datagrunnlag: Klima/Met.no

Godt jobba, Jo Marius. Då er det berre å følgje med på gradestokken om vi kan slå gamle rekordar. :-)

Eg vil tru at -25,6 på Skarestad tilsvarar eit par-tre grader kaldare nede ved Bremuseet. Slik sett vert det ikkje heilt rett å samanlikna temperaturmålinga i dag med dei tidlegare målingane på Skarestad. Det kaldaste eg kan minnast eg har sett på gradestokken her på Bøyane er -27. Godt mogeleg det var i 1982…
Vinteren 1978/79 var eg med på å byggja ny Skeissbru. Då var kaldt – godt under -20 grader.

Ja,eg er einige med deg Anders att det ikkje blir heilt rett å samanlikna tempraturmålinga på Skarestad og på museet.

Men er det nokon som veit kva som er varmerekorden i Fjærland? Og når var dette?

Det ryktast att det var målt -27,? grader ved målestasjonen ved museet i dag. Dette er ny kulde rekord i Fjærland…