Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Sognatreff (tysdag 28. juni 2011). Les mer om roperten…

Fjærlandsbommen flytta til bokbyen

No er Fjærlandsbommen flytta til ferjekaien og her skal bokbyen lage eit minimuseum.

Bombua som har stått på Fjærlandsvegen sidan 1994 har krevd inn mange kroner frå dei stakkars bilistane som har passert.

I løpet av morgontimane i dag (27/6) vart bombua rive laust frå vegbana på riksveg 5, og flytta til bokbyen i Fjærland.

Tungt løft
Kl 10.00 blei bygget løfta opp frå plassen sin og plassert på ein lastebilhengar. Bua var så tung ein ein trengde 2 kranbilar for å løfte den. Med betongen som var under hadde bua ei vekt på heile 10 tonn.

Tok oppi høgspenlinjer
På bomturen ut til Mundal fekk mesta sine ansatte mindre problem. Bygget var nemleg så høgt at det tok oppi høgspenlinjene. Mesta hadde med seg utstyr til å løfte opp linjene så bua kunne passere. Ferda gjekk elles fint og roleg for seg, og klokka 11.45 måndag var bomstasjonen på plass i Fjærland sentrum.

((Fortsettelse under bildeserien)

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

Blir mini-museum
I bokbyen skal bombua innreiast som vegmuseum, og vert då truleg det minste i verda. Temaet for utstillinga som skal lagast til inne i bua er «Vegsoga til bygda under breen» opplyser Bokbyen.

- Bomstasjonen er sjølv ei lita historia.

Tekst og Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Vist 368 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder